NPK: Trygg Trafikk åtvarar mot forslaget til regjeringa om å redusera bruken av fotoboksar.
– Vi klarar ikkje forstå at politikarane vil avgrensa eit tiltak som har så stor effekt på dødsulukkene, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk til
Ifylgje undersøkingar Transportøkonomisk institutt har gjort, fører snittmålingar til ei halvering av talet på drepne og hardt skadde.
I utgangspunktet meiner regjeringa ifylgje NRK at nye vegar skal vera trygge nok.
Samferdselsminister Jon Georg Dale strekar likevel under at det ikkje er snakk om å fjerna fotoboksane alle stader.
– Målet er å redusera bruken slik at det berre blir installert der det er behov, seier han
Trygg Trafikk vil på si side ha meir forklaring på korleis regjeringa har tenkt rundt avgrensinga av fotoboksane og har sendt eit brev til samferdselsministeren om saka, fortel NRK.

Publisert: 20.02.2019 14:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35