Trygve slagsvold Vedum skjermfoto Stortinget no
FINANSMINISTER: Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Skjermfoto: Stortinget.no
Kort fortalt

Vil ha grunnrente for teknologiselskap

Vedum vil innføre ein global skatt.

24.07.2024

Ved(NPK-NTB): Finansminister Trygve Slagsvold Vedum ønskjer å innføre ein global grunnrenteskatt på persondata, som teknologigigantane hentar inn og tener store pengar på.

Onsdag skal finansminister Vedum (Sp) halde foredrag om den norske modellen med grunnrenteskatt på G20-møtet i Brasil.

Her vil Vedum også argumentere for at det burde innførast ein global grunnrenteskatt på persondata, som teknologigigantar som mellom anna Meta og Google hentar inn og tener store pengar på, skriv Klassekampen.

Han trekkjer fram at det først dette blir effektivt først når ein får det til saman med andre land.

– Men eg kjem til å jobbe mykje med det og bruke tid på det. Her har du enkeltpersonar som er rikare enn land, seier finansministeren.

– Viss ein ser kor store aktørar dei er i norsk økonomi, er det berre rett og rimeleg at dei bidreg tilbake, seier han.

Gjennom OECD er det allereie innført ein global selskapsskatt på 15 prosent for å gjere det mindre attraktivt å etablere seg i skatteparadis.

– Det er første gong vi har klart å innføre internasjonale skattereglar for å tette skattehol, seier Vedum, som meiner at rammeverket dermed er på plass for at ein også kan innføre fleire skattemodellar.

(©NPK)

Publisert: 24.07.2024 08:49

Sist oppdatert: 24.07.2024 08:49

Mer om