Kort fortalt

Vil ha hjelp frå staten

Kysttrafikken på etterskot med utsleppskutt.

03.08.2022

NPK-NTB: Norske reiarlag ligg langt etter skjemaet for å nå målet om ei halvering av utsleppa innan 2030. Havministeren lovar eit samarbeid for å komme i mål.

Ifølgje E24 skulle reiarlaga her i landet ha hatt 239 grøne skip i ordre for å vere i rute med klimamålet. Ved årsskiftet var 46 slike fartøy i ordrebøkene.

– Vi er lova å bli høyrde i prosessen vidare, men ventar framleis på konkret dialog. Vi sit alle og berre ventar på regjeringa, seier Tor Arne Borge, som er administrerande direktør i Kystrederiene.

Bransjeorganisasjonen har 200 reiarlag som medlemmer.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vedgår at det går for tregt innan innanriks skipsfart.

– Men vi vil jobbe hardt saman med næringa for å komme i mål, seier Skjæran, som likevel ikkje vil ta heile rekninga.

Han understrekar at dette handlar om budsjettspørsmål i kvart enkelt statsbudsjett.

– Eg vil ikkje spekulere over kva som kjem til hausten, men vi er godt i gang med arbeidet, seier statsråden.

Publisert: 03.08.2022 08:28

Sist oppdatert: 03.08.2022 08:32