Kort fortalt

Vil ha koronatiltak mot klimakrisa

Mange unge vil ha harde tiltak mot klimakrisa.

16.08.2021

Det er stadig fleire nordmenn som meiner at styresmaktene må bruke like kraftige tiltak mot klimakrisa som mot koronapandemien, viser ny undersøking.

Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt 15.000 nordmenn om dei synest styresmaktene bør setje i gang like kraftige tiltak for å få bukt med klimakrisa som det har vorte gjort gjennom pandemien.

I august svarer 37 prosent ja på dette spørsmålet, noko som er ein auke på heile åtte prosentpoeng frå juni. Det er òg den høgaste oppslutninga på dette spørsmålet sidan pandemien starta.

Medan 44 prosent svarer nei, svarer dei resterande 19 prosentane at dei ikkje veit.

– I veka som gjekk fekk vi ein dramatisk ny klimarapport frå FNs klimapanel. I tillegg vart juli den varmaste månaden som nokon gong er målt i verda, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion, som meiner at dette har sett sitt preg på nordmenn.

Det er i størst grad dei yngre som er positive til at klimatiltaka må vere like strenge som koronatiltaka. Nær 50 prosent av alle under 30 år svarte ja på spørsmålet i veka som gjekk.

Det er samtidig stadig færre som trur pandemien vil redusere dei globale klimautfordringane. I august er det fire av ti (41 prosent) som trur pandemien har ein positivt klimaeffekt på kort sikt, noko som er den lågaste oppslutninga gjennom heile pandemien.

– Trua på at pandemien bidreg til eit grønt skifte fell nok no som aktiviteten i Noreg og verda tek seg opp igjen, seier Clausen.

Publisert: 16.08.2021 08:22

Sist oppdatert: 16.08.2021 08:24

Mer om