Kort fortalt

Vil ha lakseskatt som på Færøyane

Sjømat Noreg vil hente inspirasjon frå øyriket.

02.01.2023

(NPK-NTB): Lakseskatten bør ikkje basere seg på grunnrenteskatten for vasskraft, men heller på korleis ein skattlegg havbruket på Færøyane, meiner Sjømat Norge.

Det kjem fram i høyringssvaret til bransjeorganisasjonen til regjeringa – eit svar som er 62 sider langt, skriv IntraFish.

– Den færøyske modellen er utprøvd, og blir brukt både på Færøyane og på Island. Den kan lett tilpassast dei politiske ønska til regjeringa om skattenivå, skjerming av mindre selskap og det å sikre auka skatteinntekter til både fellesskap og vertskommunar, seier styreleiar Paul Birger Torgnes i Sjømat Norge.

Alt i alt er konklusjonen i organisasjonen at ein bør utsetje grunnrenteskatten for havbruket og jobbe meir med å forme ut han. Det kjem mellom anna av at modellen er «komplisert, byråkratisk og administrativt krevende for både samfunnet og bedriftene».

– Regjeringa kan hente inn det same skattebeløpet som regjeringa har foreslått gjennom ein meir eigna og utprøvd skattemodell. Færøyane skattlegg havbruket med ei produksjonsavgift som trinnvis aukar med aukande prisnivå.

(©NPK)

Publisert: 02.01.2023 22:25

Sist oppdatert: 02.01.2023 22:27

Mer om