NPK-NTB: Når andre distriktsnæringar blir lagde ned eller blir forbodne, kan kvalfangst bli eit vekstområde, meiner Senterpartiet, som vil skatte sjøpattedyra meir.
Ola Borten Moe etterlyser også betre marknadsføring av norske kval- og selprodukt.
– Aktivistane har ei Disney-forståing av naturen, seier Sp-nestleiaren til .
Sp-nestleiaren har leidd eit utval som legg fram rapporten «Norsk verdiskapning på norske ressurser». Rapporten skal behandlast laurdag på landsmøtet til partiet, og der står det at partiet vil «øke vårt uttak» frå havet og «beskatte sjøpattedyrene mer enn i dag.»
– Potensialet er stort, det kan bli ei betydeleg næring. Kvalfangst kjem nok ikkje tilbake til gamle høgder, men det er ein berekraftig ressurs, seier Borten Moe.
Han kallar formuleringane i dokumentet ei tydeleggjering av Sps politikk rundt kval og sel.
Sel og kval beitar rundt 4 millionar tonn per år i Grønlandshavet og Norskehavet og rundt 5 millionar tonn i Barentshavet, ifølgje rapporten som viser til Havforskingsinstituttet. I dei seinare år har fiskeria hausta rundt 1,5 og 1 millionar tonn per år i dei same områda.
– Vi konkurrerer i det same matfatet, så ein av ringverknadene med å auke sel- og kvalfangst, er at det blir meir fisk og annan biomasse i havet, seier Borten Moe.

Publisert: 21.03.2019 13:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35