Kort fortalt

Vil ha mindre pengar til turistvegar

Lastebileigarforbundet reagerer på pengebruken.

NPK
14.06.2022
(NPK): I ei årrekkje har ulike sørvisbygg, rasteplassar og tilrettelagde utsiktspunkt kome opp langs nasjonale turistvegar i Noreg. I Hardanger er to rasteplassar til nesten 60 millionar kroner under oppføring. Lastebileigarforbundet reagerer på prioriteringa av midlar.

– Trygg veg og gode arbeidsforhold og fasilitetar for dei som har vegen som arbeidsplass først, og design-toalett etterpå, seier Geir Mo, som er leiar i Norges Lastebileier-Forbund, til NRK.

Han meiner prosjekta til Nasjonale turistvegar ikkje høyrer heime på Statens vegvesen sitt budsjett, men heller burde vere under Næringsdepartementet, som har ansvar for reiselivet.

Om eit par år vil det vere over 200 installasjonar langs dei 18 turistvegane i Noreg. Til no har satsinga kosta i overkant av 4,2 milliardar kroner.

Statens vegvesen er overtydde om at satsinga vil gje langt meir igjen i kroner og øre for reiselivsbedriftene langs vegane og reiselivet generelt.

– Vi ser at turistvegsatsinga bidreg til auka lønsemd blant bedriftene langs strekningane, i tillegg til å styrkte omdømmet internasjonalt med bruk av moderne arkitektur i storslegen natur, seier Per Ritzler, pressesjef i Nasjonale turistvegar, til NRK.

Publisert: 14.06.2022 17:37

Sist oppdatert: 14.06.2022 17:38

Mer om