Kort fortalt

Vil ha nordisk samarbeid i arbeidslivet

25.10.2021

Tajik inviterer nabolanda.

(NPK-NTB): Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) inviterer til nordisk samarbeid for å hindre selskap i å «organisere seg unna arbeidsgivaransvar».

Tajik meiner SAS-konflikten aktualiserer problemstillinga, som ho beskriv slik overfor VG :

– Vi har sett at arbeidsfolk som er godt kvalifiserte opplever at selskapet lagar eit nytt underselskap, der dei må søkje stillinga si på nytt. Det er ikkje ein ryddig måte å gjere det på, og ein situasjon som vi vil unngå.

Ho seier ho har forståing for at grepet til flyselskapet utløyser sterke reaksjonar.

Dei nordiske arbeidsministrane skal møtast under nordisk ministerrådsmøte i slutten av november.

– Eg kjem til å sende eit brev til dei nordiske ministerkollegaene mine no. Eg meiner vi vil ha godt av å samarbeide tettare i dei nordiske landa. Vi er alle regjeringar som står på sida til arbeidstakarane, og både Sverige, Danmark og Finland har sosialdemokratiske regjeringar, seier Tajik.

SAS avviser at dei organiserer seg bort frå arbeidsgivaransvaret.

– Medarbeidarane våre er og skal framleis vere tilsette i SAS, skriv Kjetil Håbjørg, Norgessjef og konserndirektør i SAS.

Under koronapandemien sa SAS-leiinga opp ei rekkje pilotar. No er det oppretta nye dotterselskap der pilotane må søkje på dei gamle jobbane sine.

(©NPK)

Publisert: 25.10.2021 09:14

Sist oppdatert: 25.10.2021 09:17

Mer om