Kort fortalt

Vil ha nye reglar for laksepermittering

Særreglar gjer at det er «gratis» for laksenæringa å permittere sine tilsette.

05.12.2022

No varslar regjeringa at dei vil sjå nærare på permisjonsreglane.

– Vi ser at dette er ei relevant problemstilling som har vorte aktuell den siste tida, seier statssekretær Maria Schumacher Walberg (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Aftenposten.

Fleire oppdrettsselskap har i det siste varsla permitteringar av tilsette. Normalt må ein arbeidsgivar betale lønn til permitterte tilsette dei første 15 dagane, før staten og Nav tek over. Men dette gjeld ikkje for fiskeforedlingsbedrifter – der betaler staten dagpengar til permitterte tilsette frå dag éin.

Dette har kosta staten om lag 15 millionar kroner dei siste åra, viser berekningar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Næringa står for 30 prosent av dei permitterte i fiskeindustrien.

– Særreglane vart grunngitte med at råstofftilgangen innanfor denne næringa er mindre føreseielege enn for dei fleste andre næringar. Vi vil sjå nærare på om ordninga no fungerer etter hensikta, seier Walberg.

Publisert: 05.12.2022 10:35

Sist oppdatert: 05.12.2022 10:46

Mer om