Vil ha oppdrett til havs
Kan gi fleire tusen arbeidsplassar.
Regjeringa vil sjå nærare på oppdrettsaktivitet til havs.
Så langt har Noreg berre hatt havbruk nær land, men no ønskjer regjeringa ei konsekvensvurdering av havområda på tre ulike stader: Trænabanken utanfor Bodø, Frøyabanken Nord utanfor Trondheim og Norskerenna Sør utanfor Stavanger, skriv NRK og TV 2.
Ifølgje fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran (Ap) skal det vurderast konsekvensar både med tanke på miljø og andre interesser i området.
– No startar vi opp prosessen med å vurdere konkrete område for havbruk til havs. Det er eit arbeid som vil ha mykje å seie for framtidig verdiskaping og aktivitet i norsk havbruksnæring, seier Bjørnar Skjæran til TV 2.
Ifølgje ein fersk Sintef-rapport kan oppdrett til havs gi ei årleg verdiskaping på om lag 100 milliardar kroner fram mot 2050, skriv NRK. Det vil også bety fleire tusen tilsette inkludert ringverknader, ifølgje rapporten.
Publisert: 01.11.2022 13:45
Sist oppdatert: 01.11.2022 13:46