Kort fortalt

Vil ha rask utbygging av straumnettet

Regjeringsutval skal vurdere utvikling av straumnettet.

NPK
11.06.2021

Energi Norge ID: 17659851NPK

Energi Norge meiner det er bra at regjeringa vil setje ned eit ekspertutval for å svare på korleis straumnettet kan utviklast raskare og til ein lågare pris for kundane.

Nettet vil vere den mest kritiske faktoren for å lykkast med elektrifisering og industriutvikling dei kommande åra, skriv Energi Norge i ei pressemelding.

Torsdag vart det kjent at Olje- og energidepartementet vil setje ned eit utval som skal vurdere utvikling av straumnettet under leiing av Enova-direktør Nils Kristian Nakstad.

– Nettkapasiteten er den mest kritiske faktoren for elektrifiseringa av Noreg. Straumnettet vil vere nøkkelen til både klimatiltak, industriutvikling og nye arbeidsplassar over heile landet. Då må vi kunne byggje ut nettet raskare enn i dag, samtidig som vi ser på korleis det eksisterande nettet kan utnyttast meir effektivt, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge i pressemeldinga.

Han viser til at det i dag kan ta meir enn ti år frå ei ny kraftlinje blir planlagd, til styresmaktene gir konsesjon og nettet er ferdig bygd.

Publisert: 11.06.2021 05:56

Sist oppdatert: 11.06.2021 05:59

Mer om