Vil ha sjukdomsmerking av laks
Forbrukarrådet ber om tiltak.
(NPK-NTB): Forbrukarrådet vil ha ei merking av oppdrettslaks som var sjuk då han vart slakta. Sjømat Norge meiner ei merking ikkje vil ha noka hensikt.
Direktør i Forbrukarrådet Inger Lise Blyverket seier til NRK at norske lakseprodusentar må ta inn over seg at konsumentane av oppdrettslaks vil vite meir om produksjonsforhold og dyrevelferd. NRK har i ein serie saker avdekt fleire kritikkverdige og oppsiktsvekkjande forhold knytt til lakseoppdrett langs norskekysten.
Ved eitt tilfelle skal Mattilsynet ha avdekt det dei meiner var forsøk på å la laks som var sjølvdød i merdane, skulle bli til mat for menneske. Det er også avdekka at fisk med gjellelidingar, parasittar og hjartesjukdommar blir slakta og selde til forbrukarar.
– Vi trur mange forbrukarar ønskjer ei merkeordning for laks velkommen, sa Blyverket til NRK måndag.
I bransjeorganisasjonen Sjømat Norge, som organiserer mange av oppdrettsbedriftene, er ein derimot ikkje tilhengar av ein slik tanke. Direktør Jon Arne Grøttum seier sjukdommane til fisken ikkje smittar over til menneske og at oppdrettslaksen er heilt trygg å ete.
Han meiner ei merking ikkje vil ha noka hensikt.
– For det første handlar ikkje det her om mattryggleik. For det andre så er det veldig vanskeleg å gjennomføre. Og for det tredje så er det litt merkeleg at ein skal innføre den typen merkeordninga for laks og ikkje for annan animalsk kjøttproduksjon, understrekar Grøttum.
(©NPK)
Publisert: 06.11.2023 09:57
Sist oppdatert: 06.11.2023 09:57