Kort fortalt

Vil ha skaderegister for bil

Meiner det styrkar trafikktryggleiken.

27.09.2021

Eit offentleg skaderegister for bil vil styrkje trafikktryggleiken, meiner samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Statens vegvesen meiner det er formålstenleg og fornuftig å etablere eit offentleg tilgjengeleg skaderegister for bil.

Vegvesenet fekk i fjor oppdrag av Samferdselsdepartementet å greie ut behovet for å tilgjengeleggjere skadeopplysningar for bil.

Dei meiner eit slikt register kan hindre at køyretøy med skadar av betydning for trafikktryggleiken blir omsett i bruktbilmarknaden og brukt på norske vegar, dersom det ikkje kan dokumenterast at køyretøyet er forsvarleg reparert.

Samferdselsdepartementet vil arbeide vidare med denne saka.

– Eit slikt register vil betre forbrukarvernet ved bruktbilkjøp, og ikkje minst styrkje trafikktryggleiken fordi det vil gjere oss tryggare på at bilar med alvorlege skadar ikkje vil køyre på vegane våre, seier Hareide.

Publisert: 27.09.2021 17:09

Sist oppdatert: 27.09.2021 17:10