Stad kommune i Nordfjord er ikke med i det interkommunale hamnesamarbeidet i regionen. Kommunen gjekk ut fordi den ville ha cruisehamn på Nordfjordeid og opplevde det interkommunale samarbeidet som eit hinder.
I 2019 kom dei første cruiseskipa til Eid, og starten av 2025 var det reservert plass til nesten 90 fartøy.
No ber kontrollutvalet Stad kommune i innsyn hamneforvaltninga i kommunen, med"særleg fokus på inntektsgrunnlaget og ressursbruken med tanke på cruisetrafikken.", skriv avisa Fjordenes Tidende.
Drifta av cruisetrafikken skjer i privat regi, mellom anna gjennom selskapet Seawalk Nordfjord, som med si foldbare flytekai gjer at passasjerane kan spasere tørrskodd i land.
– Når vi samanliknar med andre kommunar, verkar det som om Stad får lite eller ingenting tilbake i form av hamneinntekter. Dette kunne vore ei viktig inntektskjelde, ikkje minst i den økonomiske situasjonen kommunen no står i, seier leiar i kontrollutvalet i kommune, Hogne Bleie, til Fjordenes Tidende.
Publisert: 29.09.2025 09:40
Sist oppdatert: 29.09.2025 09:40






