NPK: Kollagentilskot kan gi mindre muskel- og leddplager, betre hud, og sterkare negler og hår. No vil forskingsinstituttet Nofima hente ut kollagen frå marine råvarer.
Kollagenet på marknaden i dag kjem vanlegvis frå storfe og svin, noko som gjer at vegetarianarar og enkelte religiøse grupper ikkje kan bruke det. Men no har Nofimas forskarar funne tilpassa metodar for å hente ut ulike kollagenprodukt frå andre artar.
– Vi kan hente ut gode kollagenprodukt frå blant anna torsk, sei, sild og makrell, og vi jobbar med fleire artar. Dette gjer det mogleg for dei som ikkje et kjøt, å bruke kollagentilskot, fortel forskar Kjersti Lian i Nofima i ei pressemelding.
– Forskinga vår viser at fleire marine artar er svært godt eigna for kollagenproduksjon. Dette er ei stor moglegheit for norsk fiskeri og havbruk, seier Kjersti Lian.

Publisert: 02.01.2020 12:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31