Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord 1 seier selskapet er i dialog med Sjøfartsdirektoratet og kjem til å sende inn ein søknad om utvida unntak frå nullutsleppskravet om kort tid.
Målet i første omgang er å få unntak frå kravet ut 2026-sesongen, men hovudmålet er å få unntak så lenge dei gamle ferjene Bolsøy og Veøy kan brukast.
Selskapet driv to ferjer på strekninga Hellesylt - Geiranger i turistsesongen, i konkurranse med Vestlandske, som også har to ferjer.
Batteridrift hos konkurrenten
Medan Vestlandske har to ferjer under ombygging for batteridrift, med planlagt levering i juni, har Fjord 1 per i dag ingen ombyggingar eller nybygg i arbeid som kan gi reiarlaget utsleppsfrie ferjer.
Nett No har tidlegare skrive at Fjord 1 i staden har satsa på at dei gamle ferjene Bolsøy og Veøy skulle få vernestatus, og dermed kunne få unntak frå nullutslepsskravet, og trafikkere Geiranger-Hellesylt med dieseldrift som før. Det rette er at ferjene har fått vernestatus frå Riksantikvaren, men at Sjøfartsdirektoratet har sagt nei til å gi unntak frå utsleppskravet.
Fjord 1 har fått unntak frå utsleppskravet ut juni i år, slik som også Vestlandske har fått.
Utsette utsleppskrav for cruise-skip
Medan store cruiseskip framleis kan segle inn til Geiranger på diesel, må ferjer og liknande fartøy vere utsleppsfrie frå og med 2026.
Opphavleg skulle alle skip som ville inn til Geiranger, vere CO2-utsleppsfrie frå og med 2026.
I august 2024 utsette Støre-regjeringa kravet om utsleppsfri seglas til 2032 for større cruiseskip.
Det fekk mellom andre Havila Kystruten-sjef Bent Martini til å reagere, medan Støre forsvarte vedtaket av omsyn til cruisenæringa.
Publisert: 15.04.2026 11:00
Sist oppdatert: 15.04.2026 11:01






