Kort fortalt

Vil hindre overproduksjon

Tine ønskjer stopp i salet av statlege mjølkekvotar.

26.09.2016
(NPK-NTB): Ostelagera har ikkje vore så store sidan tusenårsskiftet. No ber Tine om tiltak for å dempe overproduksjonen av mjølk.
Styreleiar i Tine Trond Reierstad ber om stopp i salet av statleg innkjøpte mjølkekvotar i år og at overproduksjonsavgifta aukar, skriv
– Vi ønska å byggje ned lagera i år, men det motsette har skjedd. Grunnen til at vi ber staten halde att er at vi ønsker at overgangen fram mot stoppen i eksportstøtta skal skje på ein så smidig måte som mogleg, seier han.
Staten kjøper opp 20 prosent av mjølkekvotane som blir selt på marknaden, noko som i fjor utgjorde 5,7 millionar liter. Om kvotesalet i år kvotesal er på same storleik som i fjor, vil det bety at staten mister 14 millionar kroner i inntekter.
Reierstad tilføyer at for store lager og for stor produksjon gir utsal i redusert mjølkepris for bøndene. (©NPK)

Publisert: 26.09.2016 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44