Kort fortalt

Vil ikkje forby hopping frå Hoven

Kvinne omkom etter basehopp i Loen.

12.07.2021

Loen i Nordfjord er eitt av dei mest populære stadene i landet for basehopp. Hit kjem luftsportsutøvarar frå heile verda, skriv NRK Vestland.

Laurdag ettermiddag omkom ei kvinne i 40-åra i ei luftsportsulukke. Ordføraren i Stryn kommune, Per Kjøllestad, seier han likevel ikkje ønskjer å forby aktiviteten. Han meiner det ikkje vil vere hensiktsmessig med lokale forbod, og at det berre vil føre til at utøvarane må bevege seg til meir utrygge stader for å ikkje bli «tatt».

Kjøllestad meiner eit slikt forbod eventuelt må kome frå nasjonalt nivå.

Publisert: 12.07.2021 09:27

Sist oppdatert: 12.07.2021 09:28

Mer om