Kort fortalt

Vil ikkje ha EUs nye eggreglar

EU vil ha kortare haldbarheitstid på egg.

07.06.2022

Norske organisasjonar og næringsliv åtvarar mot meir matsvinn og svekt eggproduksjon dersom EUs forslag om å innskrenke haldbarheita på egg blir vedteke.

EUs forslag om å innføre 28 dagars haldbarheit for egg er for tida på høyring. Av 31 høyringssvar kjem 21 frå norske bønder, organisasjonar og næringsliv, melder Nationen.

Bakteppet for EU-forslaget er at delar av Europa slit med salmonellasmitte. I dag er haldbarheita på egg i Noreg 35 dagar. Det nye regelverket for EU vil i utgangspunktet gå inn under EØS-avtalen og dermed også gjelde Noreg.

– Fordelane ved ei meir fleksibel regulering er mindre matsvinn, mindre transport, lågare utslepp og moglegheita til å behalde ein desentralisert eggproduksjon med små einingar over heile landet, noko som reduserer risikoen for fugleinfluensa, skriv Anja Fyksen Lillehaug frå Bondelaget i høyringssvaret sitt.

Matvaregiganten Rema 1000 trur ikkje EU-regelen vil ha nokon positiv effekt i Noreg.

– I land som Noreg vil forslaget om ein haldbarheitsdato på maks 28 dagar truleg auke matsvinnet utan at det vil påverke kvaliteten på egg eller mattryggleiken, skriv kvalitetssjef Lydia Lineikro.

Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender tek til orde for at haldbarheitsdatoen bør kunne forlengjast i land der mattryggleiken og salmonella-risikoen tilseier det.

Fleire organisasjonar peikar på viktigheita av den geografisk spreidde produksjonen av egg i Noreg, og at forslaget vil svekkje det.

Helse- og omsorgsdepartementet har varsla at dei vil søkje om unntak om forslaget blir ein realitet.

Publisert: 07.06.2022 09:51

Sist oppdatert: 07.06.2022 09:52