Kort fortalt

Vil ikkje ha fysisk ferjebillettering

NHO vil behalde populær ordning.

19.11.2021

Som eit koronatiltak vart det innført elektroniske billettar og rekning i posten på ferjebillettar. NHO er blant dei som vil gjere ordninga varig.

Ordninga der billettørane slepp å gå fysisk til kvar bil, vert etter planen fjerna frå nyttår. Det skjer fordi dei ikkje lenger får bruke mobiltelefonen til å ta bilete av bilskilta, melder NRK.

NHO Sjøfart har bede om eit møte med samferdselsministeren om saka.

– Vi håpar at møtet vil føre til ei utsetjing, eller ei moglegheit til å halde fram, seier styreleiar Torkild Torkildsen.

SV har teke opp saka i Stortinget, og overfor NRK vil ikkje Samferdselsdepartementet kommentere saka før dei har svart Stortinget.

Publisert: 19.11.2021 10:30

Sist oppdatert: 19.11.2021 10:31

Mer om