Kort fortalt

Vil ikkje setje ned bompengesatsen

Framleis 219 kroner i bompengar på Nordøyvegen.

07.04.2023

Fylkeskommunedirektøren er uroa over den vanskelege økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal og meiner at bompengesatsane på fastlandssambandet Nordøyvegen dermed ikkje bør settast ned no.

Fylkestinget har tidlegare vedteke at prisen må ned. Slik det er i dag betalarar pendlarar opp mot 7.000 kroner i månaden, og der bompengsatsen er 219 kroner i takstgruppe 1 og 657 kroner i takstgruppe to for store køyretøy.

Fylkeskommunedirektøren foreslår å utsette saka til ein får meir statistikk på trafikkutviklinga. Ho tilrår også at elbilar skal betale meir i bompengar. Det betyr at i staden for 50 prosent rabatt kan det gå ned til 30 prosent rabatt.

Saka skal først behandlast i fylkesutvalet 13. april og deretter i fylkestinget 24. april.

NRK skreiv om saka først.

Publisert: 07.04.2023 10:15

Sist oppdatert: 07.04.2023 10:16

Mer om