NPK: Prisen for nettleige kan variere alt etter kor ein har busett seg i landet. NVE forslår tilskot for å jamne ut prisforskjellen.
Prisforskjellen på nettleige rundt om i landet kan vere så stor som 20 øre per kilowattime, som igjen utgjer fleire tusen kroner i året, skriv E24. Nettleiga er lågast i Oslo og Bergen.
Olje- og energidepartementet har gitt reguleringsstyresmakta for energi i NVE i oppdrag å finne løysingar på korleis nettleiga kan jamnast ut.
I utreiinga argumenterer NVE tungt for at tilskot over statsbudsjettet er den beste løysinga, for å framleis motivere nettselskapa til å vere effektive.

Publisert: 19.11.2019 13:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31