Kort fortalt

Vil kle folk i fiskeskinn

Førde-bedrift med nysatsing.

NPK
25.02.2021

(NPK): Verksemda Coastwear i Førde i Sunnfjord lagar klede av skinn frå til dømes laks, steinbit og torsk. Målet er å konkurrere med klede frå eksotiske dyreartar i luksusmarknaden.

– Mange vert skeptiske når dei høyrer fiskeskinn, dei trur det luktar fisk og at det ikkje er sterkt. Begge deler er feil. Dette er eit utmerkt materiale, seier mannen bak bedrifta, Børje Møster, til NRK.

Dagleg leiar og designar Marianne Mørck fortel at dei har fått god respons på kleda. Ho trur at det er stort potensial for klede i fiskeskinn, men at dei framleis er litt tidleg ute med konseptet.

– Folk kjenner ikkje til materialet, og er dermed skeptiske, seier ho.

– Dette er eit biprodukt av fiskeindustrien, og det er spennande at vi kan lage eit luksusprodukt av noko som elles er lite utnytta, seier Møster.

(©NPK)

Publisert: 25.02.2021 14:49

Sist oppdatert: 25.02.2021 14:52

Mer om