Kort fortalt

Vil lære opp norske sesongarbeidarar

Regjeringa set av 40 millionar kroner i revidert budsjett.

03.05.2021

Regjeringa set av 40 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til bønder i grøntnæringa som set nordmenn i arbeid i minst tre veker i sommar.

Ordninga skal vere på plass allereie 17. mai, ifølgje NRK Dagsrevyen.

– Innreiserestriksjonar for utanlandsk arbeidskraft gjer at grøntnæringa i større grad må satse på norsk arbeidskraft i årets vekstsesong. Derfor foreslår vi no å løyve 40 millionar til opplæring av arbeidstakarar som ikkje har erfaring frå grøntnæringa, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i ei pressemelding.

Ho håpar at dette skal stimulere til at fleire går i gang med å rekruttere norsk arbeidskraft.

Regjeringa legg opp til ei refusjonsordning der arbeidsgivarar i grøntnæringa kan få kompensert delar av opplæringskostnadene ved å bruke uerfaren arbeidskraft. Ordninga vil gjelde for denne sesongen, så lenge innreiserestriksjonane gjeld, og for arbeidsforhold som varer minimum tre veker.

Publisert: 03.05.2021 09:50

Sist oppdatert: 03.05.2021 09:51