NPK-NTB: Frå neste år vil folk få ein SMS med ei påminning når passa deira held på å gå ut og automatisk få tilbod om ein time for å fornye det.
Det opplyser justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) og konstituert politidirektør Håkon Skulstad etter å ha diskutert dei lange passkøane på Austlandet i eit møte tysdag.
– Frå 2020 vil vi sende SMS-varsling til dei som må fornye passet sitt i god tid på førehand, cirka eitt år. Der gir vi òg tilbod om ein time. På den måten ønsker vi å fordele utskrivinga av pass jamt utover året, seier Skulstad til NTB
Han påpeikar at veldig mange vil skaffe seg nytt pass på våren og forsommaren, medan få gjer det om hausten.

Publisert: 26.02.2019 13:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35