Kort fortalt

Vil meir enn halvere straumstøtta

Nektar å kalle det kutt.

29.03.2022

(NPK-NTB): Regjeringa meiner at den ekstra bustøtta som skal hjelpe vanskelegstilte med straumrekninga bør ned frå 2.500 til 1.000 kroner, men vil ikkje kalle det kuttet.

– Vi foreslår ikkje å kutte bustøtte. Vi foreslår å forlengje ei ordning med ekstra bustøtte til dei som har høge buutgifter og låge inntekter, seier kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) på Politisk kvarter på NRK tysdag.

I førre veke skreiv NRK at regjeringa vil forlengje den ekstra bustøtta til også å gjelde mars og april. Gram sa då at dei vil foreslå at bustøtta skal vere på 1.000 kroner per husstand. I januar og februar var ekstrastøtta på 2.500 kroner.

97.000 husstandar fekk ifølgje Husbanken bustøtte i mars.

Gram seier tysdag at den ekstra bustøtta har variert sidan ho vart innført i november i fjor. Då låg ho på i underkant av 2.950 kroner, før ho gjekk ned til 1.500 kroner, og deretter opp til 2.500 kroner. Han vil ikkje kalle nedgangen frå 2.500 kroner i januar og februar til 1.000 kroner i mars og april eit kutt.

– Nei, vi har i fleire rundar foreslått å gi ekstra bustøtte. Det er tre ulike vedtak gjennom fem månader, og no kjem vi med eit forslag til ei fjerde løyving for dei neste to månadene, seier Gram.

Han grunngir nedgangen med at det no blir mildare i vêret, og at straumforbruket og behovet for kompensasjon går ned.

SVs klima- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken reagerer.

– Det er synd at ein skal starte med å kutte i støtta til dei som slit aller mest. Det er definitivt eit kutt og er openbert eit kutt for alle andre enn dei som sit i regjering, seier han.

(©NPK)

Publisert: 29.03.2022 11:23

Sist oppdatert: 29.03.2022 11:24

Mer om