Kort fortalt

Vil prioritere nullutslepp i offentlege innkjøp

Nye innkjøpsråd for tungtransport og bussar.

NPK
18.02.2021

(NPK): Både Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og Miljødirektoratet meiner offentlege innkjøp av transportløysingar bør prioritere nullutslepp og biogass framfor flytande biodrivstoff. Dei kjem no med nye innkjøpsråd for tungtransport og bussar.

– Offentlege innkjøp er viktige for å fremje klimavennleg teknologiar som ikkje er omfatta av nasjonale omsetningskrav, som nullutsleppsteknologi og biogass. Dei reviderte innkjøpsråda for tungtransport på veg tek vare på desse omsyna, seier Dag Strømsnes, divisjonsdirektør i DFØ, i ei pressemelding.

Klimaeffekten ved kjøp av flytande biodrivstoff i offentlege innkjøp er svært avgrensa, fordi bruken i vegtransport er regulert av eit omsetningskrav. Dette kravet inneber ei plikt for bensinstasjonar om å selje ein viss del biodrivstoff.

Derfor bidreg ikkje kjøp av flytande biodrivstoff gjennom offentlege innkjøp til auka bruk utover omsetningskravet, og dermed heller ikkje til reduserte utslepp av klimagassar, heiter det i pressemeldinga frå direktorata.

– Ved å reindyrke omsetningskravet som verkemiddel for flytande biodrivstoff, blir det lagt betre til rette for at offentlege innkjøp kan bidra til raskare innfasing av nullutslepp og biogass, som er viktig for omstillinga av transportsektoren, seier avdelingsdirektør Siri Sorteberg i Miljødirektoratet.

Ei rekkje transport- og drivstoffaktørar har fremja ønske om at det blir etablert eit system for overoppfylling av omsetningskravet i vegtransport. Bakgrunnen er at flytande biodrivstoff er ein sentral del av strategien til mange offentlege og private aktørar for å oppnå fossilfri drift eller eigne klimamål.

– Sjølv om ulike aktørar kan få auka utfordringar med å nå eigne klimamål på kort sikt, meiner vi ulempene ved å innføre eit system for overoppfylling av omsetningskravet er større enn fordelane, seier Siri Sorteberg i Miljødirektoratet.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 09:53

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:53

Mer om