I statsbudsjettet til regjeringa vil elavgifta reduserast med 1,5 øre på grunn av rekordhøge straumprisar i Europa. Det kan spare forbrukarar over ein milliard.
Det betyr at dagens avgiftsnivå på 16.69 øre blir kutta med 9 prosent, stadfestar kjelder i regjeringsapparatet overfor Dagens Næringsliv (DN).
Årets straumprisar blir venta å skyte i vêret, og høge straumrekningar er blant temaa som blir diskuterte under regjeringssonderingane mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet på Hurdalsjøen Hotell.
Der har Sp foreslått å kutte krafteksporten til Europa, noko som blir avskrive av Ap, som heller ønskjer større støtte til hushald med låg inntekt.
Finansminister Jan Tore Sanner (H) har ikkje vilja kommentere saka overfor DN.
Regjeringas forslag til nytt statsbudsjett blir lagt fram for Stortinget tysdag 12. oktober.
(©NPK)
Publisert: 06.10.2021 15:58
Sist oppdatert: 06.10.2021 15:59