– Denne regjeringa skal sikre ei drosjenæring med ordna forhold, der kundane er trygge og sjåførane har ein jobb dei kan leve av, lovar samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).
No skal det bli slutt på det frisleppet som herskar i drosjemarknaden, legg han til. Han lovar ein trygg pasient- og skuletransport, og eit godt drosjetilbod i heile landet, og gjer det klart at regjeringa vil ta fleire grep i arbeidet.
– For eitt år sidan fekk den førre regjeringa på plass ei drosjereform. Det innebar blant anna eit frislepp i talet på løyvehavarar, fjerning av behovsprøving og fjerning av krav om tilknyting til drosjesentral, seier Nygård.
Han viser til at det siste året er gitt over 4000 nye drosjeløyve, og at det ser ut til å ha gitt ein overkapasitet i byane. Samstundes har det blitt vanskelegare å ha oversikt over det totale drosjetilbodet.
– Vi ser ein auka risiko for svart verksemd. Det vil denne regjeringa gjere noko med, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.
Oppryddinga i drosjenæringa er ein del av regjeringa sitt arbeidet for å sikre eit seriøst arbeidsliv. Det vil bli stilt krav til løyvehavarane om at dei har kompetansen som trengst for å drive seriøst. Arbeidet med å utarbeide slike krav vil kome i gang fort, blir det opplyst.
Andre krav som Samferdselsdepartementet ser på, er krav til bankgaranti for løyvehavarar og bruk av taklampe. Dei varslar også at dei har starta arbeidet med å vurdere andre tiltak som krev lovendringar for å sikre eit godt drosjetilbod over heile landet og ei seriøs næring.
Publisert: 19.01.2022 14:04
Sist oppdatert: 19.01.2022 14:17