Kort fortalt

Vil rydde opp i luftfarten

Krev at selskapa må følgje norsk arbeidsmiljølov.

27.07.2022

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) lovar tiltak mot sosial dumping i luftfarten og vil tvinge selskap som flyg i Noreg, til å følgje norsk arbeidsmiljølov.

Pilotstreiken i sommar i SAS handla mellom anna om selskapsstrukturar og bruken av dotterselskap. Pilotane meinte SAS brukte kompliserte strukturar for å flytte bort ansvaret for dei tilsette, noko selskapet avviste.

Persen varslar at regjeringa vil innføre ein ny måte å sjå på arbeidsgivars ansvar på, skriv Aftenposten. I eit konsern skal ansvaret for dei tilsette liggje i det selskapet som reelt sett bestemmer over dei tilsette – noko som ofte vil vere morselskapet – i staden for i eit eventuelt dotterselskap der dei formelt er tilsette.

Til hausten kjem regjeringa med ein luftfartsstrategi, og dei jobbar med endringar i arbeidsmiljølova, noko som også vil påverke bransjen.

Ei planlagd lovendring vil innebere at dersom ein flyg innanlands i Noreg, må ein følgje norsk arbeidsmiljølov. I dag kan utanlandske selskap omgå dette; eit irsk selskap kan flyge frå Dublin til Oslo og deretter flyge fleire strekningar innanlands, utan å måtte rette seg etter den norske lova.

– Vi ønskjer å styrkje rettane til arbeidstakarane i eit arbeidsliv i endring, seier Persen om planane til regjeringa.

Publisert: 27.07.2022 07:39

Sist oppdatert: 27.07.2022 07:40