Kort fortalt

Vil senke formuesskatten i Vanylven

Forslag frå lokalpolitikar.

05.05.2023

På vegner av Industri- og Næringspartiet vil Nils Olav Moen at Vanylven skal setje ned formuesskatten, ifølgje lokalavisa Synste Møre.

Lokalpolitikaren har sendt eit forslag til spørjetimen ved komande kommunstyremøte, der han ber om at forslaget blir utgreia.

Bakgrunnen for forslaget er at Moen hadde lest at Roger Hofseth hadde planar om å flytte til Sande. Han håpar forretningsmannen i staden vil flytte til Vanylven.

– Han har jo etablert bedrift i Vanylven og sysselset mange igjennom denne. Det er jo meir logisk at det er hit han flyttar, til avisa.

Publisert: 05.05.2023 16:17

Sist oppdatert: 06.05.2023 18:25

Mer om