Kort fortalt

Vil skattleggje solcellepanel

Skatteetaten vil skattleggje alle med solceller på taket som næringsdrivande.

21.12.2023

NPK-NTB: Både NHO, solcellebransjen og SV åtvarar no om at skattetrøbbel kan gi bom stopp for solceller på private heimar, skriv Klassekampen.

Det aller meste av straumen frå private solceller går til eige forbruk, men i periodar, spesielt om sommaren, vil anlegga av og til produsere meir straum enn ein enkelt forbrukar treng sjølv.

Overskotsstraumen blir då seld tilbake til kraftnettet, skriv avisa, og det er dette salet Skatteetaten i ei ny vurdering meiner må skattleggjast som kapitalinntekt etter ein sats på 22 prosent.

NHO meiner dette betyr at mange vil velje å avstå frå å montere solceller.

– For mange vil skattlegginga bety at å leggje solceller på taket blir eit økonomisk tapsprosjekt, seier Andreas Strømsheim-Aamodt, fagsjef for næringspolitikk i Nelfo, som organiserer elbedrifter i NHO.

Nelfo har nemleg rekna ut at skattekravet vil overstige den støtta Enova gir huseigarar som byggjer solcellepanel på taket.

Lars Haltbrekken i SV fryktar at dette vil bety ein full brems i solcellebygginga på norske hustak. Han meiner vanlege folk med solceller på taket ikkje kan behandlast som næringsdrivande.

Dagleg leiar Andreas Torsheim hos solcelleleverandøren Otovo meiner det i dei aller fleste tilfella vil vere snakk om nokre få hundrelappar, maksimalt nokre tusenlappar, å hente for skattestyresmaktene årleg.


Publisert: 21.12.2023 08:54

Sist oppdatert: 21.12.2023 08:54