Vil styre havvindstraum til Norge
Statkraft vil ha krympa kapasitet på utanlandskablar.
Statkraft vil sende havvindstraum utanlands i kablar med krympa kapasitet slik at meir kraft blir tvinga til Noreg uavhengig av straumprisane i Europa.
Det statseigde kraftselskapet meiner det blir umogleg å satse på havvindkraft i Nordsjøen utan subsidiar viss det ikkje blir rom for å sende ein del av produksjonen utanlands. Statkraft trur hybridkablar med avgrensa kapasitet mot utlandet kan vere løysinga.
– Det er mogleg å dimensjonere kablane slik at kapasiteten deira blir mindre enn sjølve kapasiteten til eit havvindfelt, slik at dei til dømes kvar veg har halvparten av kapasiteten til feltet, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft til Aftenposten/E24.
– Då blir straumen tvinga til Noreg viss produksjonen er over halve kapasiteten, også om prisane her er lågare enn i det andre landet.
Regjeringa har gitt Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å greie ut om det bør koplast på hybridkablar når den andre fasen av feltet Sørlege Nordsjø II skal byggjast ut. Det er her forslaget til Statkraft kan vere aktuelt.
I den første fasen skal all straumen gå til Noreg, har regjeringa bestemt.
Publisert: 11.02.2022 12:35
Sist oppdatert: 11.02.2022 12:44