(NPK): Eviny planlegg å utvide Guleslettene vindkraftverk med inntil 14 nye turbinar på Bremanger-sida av kommunegrensa.
Dei nærmaste turbinane vil liggje berre 70 meter frå grensa til Kinn kommune, skriv Firdaposten.
Både iskast- og støysone frå turbinane vil strekkje seg til Kinn sitt område, sjølv om heile fortettingsprosjektet ligg i Bremanger. Eviny har tidlegare tilbydd Kinn å få to turbinar på si side, men kommunen sa nei.
Sweco (eit rådgivingsselskap innan arkitektur og ingeniørfag), som støttar Eviny i planarbeidet, meiner det ikkje er naudsynt å lage eiga planbehandling i Kinn, men at kommunen skal høyrast som nabo til utvidinga.
– Å regulere inn slike soner vil gjere kartet uoversiktleg og skape unødvendig kompleksitet, heiter det i eit dokument frå Sweco.
Formannskapet i Kinn har tidlegare gjort vedtak om at kommunen er negativ til ei fortetting av vindkraftanlegget, men peikar likevel på at inngrepa kan vere små sidan området alt er bygd ut. Kommunen vil ta spørsmålet om planprosess opp til formell behandling.
Sweco åtvarar om at prosjektet er marginalt økonomisk. Om Kinn krev at turbinane nær grensa blir fjerna kan heile utbygginga bli uaktuell.
(©NPK)
Publisert: 06.11.2025 11:13
Sist oppdatert: 06.11.2025 11:14






