Kort fortalt

Vil utvikle hydrogen og ammoniakk saman

Statkraft, Yara og Aker Horizons går saman.

NPK
18.02.2021

(NPK): Tre store industriaktørane Statkraft, Yara og Aker Horizons inngår ein intensjonsavtale om partnarskap for å produsere og utvikle ei verdikjede for grønt hydrogen og grøn ammoniakk i Noreg.

Herøya blir første prosjekt i samarbeidet. Målet er å både fjerne eitt av dei største CO2-utsleppa nasjonalt frå ammoniakkproduksjon på Herøya og produsere utsleppsfritt drivstoff til skipsfarten, karbonfri gjødsel til landbruket og bidra til å fjerne CO2 i andre energiintensive næringar, heiter det i ei pressemelding.

– Eg er glad for at Aker og Statkraft er med og ser dei store moglegheitene i dette prosjektet, der det felles målet vårt er å etablere Europas første storskala produksjon av grøn ammoniakk. Det vil vere eit stort utviklingsprosjekt for norsk industri, og eit viktig klimaløft for Noreg og Europa, seier konsernsjef Svein Tore Holsether i Yara i pressemeldinga.

Avtalen mellom Statkraft, Yara og Aker Horizons inneber eit samarbeid om å elektrifisere og avkarbonisere Yaras ammoniakkproduksjon på Herøya i Porsgrunn. Prosjektet kan realiserast over ein periode på 5–7 år. I tillegg planlegg dei tre selskapa å utforske potensialet for grøn ammoniakkproduksjon i Nord-Noreg som ei framtidig samarbeidsmoglegheit.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 10:07

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:52

Mer om