Vil vente med nye reglar for innleige
Esa har stilt fleire kritiske spørsmål.
(NPK-NTB): Høgre ber regjeringa vente med å innføre dei nye reglane for innleige av arbeidskraft fram til Esa har godkjent dei.
Før jul vedtok Stortinget ei rekkje innstrammingar i regelverket for innleiing av arbeidskraft, skriv Klassekampen.
Esa, tilsynsorganet til EØS-landa, har fått klager, og har sendt brev til regjeringa med ei rekkje spørsmål knytt til desse endringane.
Brevet kan antyde at dei nye norske reglane kan vere i strid med EUs vikarbyrådirektiv, og dei generelle føresegnene til EØS-avtalen om fri flyt av tenester.
Høgre meiner derfor at regjeringa bør setje regelendringane, som etter planen trer i kraft førstkommande laurdag, på vent.
– Esa flaggar dette som problematisk. Endringane er dårleg greidde ut og tek ikkje omsyn til Vikarbyrådirektivet eller artikkel 36 i EØS-avtalen, seier ho til avisa.
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen har svart at endringane vil bli gjennomført som planlagt, og at regjeringa vil gå i dialog for å svare på spørsmåla frå Esa.
Dersom Esa skulle konkludere med at svaret til regjeringa er utilstrekkeleg, kan dei opne formell sak mot Noreg, som til slutt kan endre med ei rettsavgjerd i Efta-domstolen.
(©NPK)
Publisert: 28.03.2023 07:37
Sist oppdatert: 28.03.2023 07:37