Kort fortalt

Vil vurdere å avvise russiske skip

Venstre-forslag til regjeringa.

01.03.2022
(NPK-NTB): Venstre krev ein krisestøtte-milliard til Ukraina og ber òg regjeringa vurdere å stengje norske hamner for russiske skip.

Partiet leverte i dag sju ulike forslag i Stortinget for å støtte Ukraina vidare i kampen deira for eigen fridom.

– Vi stiller oss heilhjarta bak den tydelege linja regjeringa no har lagt seg på og støttar fullt opp om alle dei gode forslaga deira. Så meiner vi at dette berre er byrjinga på den norske bistanden til Ukraina, for denne situasjonen er dessverre ikkje over med det første, seier Venstre-leiar Guri Melby, som fremjar forslaget saman med stortingsrepresentantane Ola Elvestuen, Sofie Høgestøl og Alfred Jens Bjørlo.

Partiet foreslår 1 milliard kroner til Ukrainas regjering til bruk til å skaffe våpen og ammunisjon.

Partiet ber òg regjeringa vurdere å innføre eit forbod mot å gi skip som er eigd, kontrollert eller drive av personar knytt til Russland, tilgang til å legge til i norske hamner, etter modell frå Storbritannia.

I tillegg ber dei Noreg slutte seg til EUs European Peace Facility og bidra økonomisk, dei tek til orde for at Noreg deler relevante cyberkapasitetar med ukrainske styresmakter, og dei ber regjeringa dele norsk etterretning med ukrainske styresmakter.

I tillegg vil partiet stramme inn overfor russarane og forby norske bankar og andre finansielle institusjonar frå å opptre som korrespondent-bank for alle dei russiske bankane og finansinstitusjonar, og stengje russiske eigarinteresser og selskap ute frå norsk sokkel.

(©NPK)

Publisert: 01.03.2022 13:25

Sist oppdatert: 01.03.2022 13:29

Mer om