Kort fortalt

Vindkraftmotstandarar vann i retten

Lagmannsretten gav Nei til vindkraft medhald i pengekrav.

NPK
26.08.2021

Organisasjonen Nei til vindkraft meiner dei bør sleppe å betale sakskostnader på éin million kroner etter eit rettsleg tap. No har lagmannsretten sagt seg samd.

Organisasjonen hadde som mål å stoppe utbygginga på Haramsfjellet utanfor Ålesund og gjekk til sak. Dette førte likevel ikkje fram i Møre og Romsdal tingrett, og organisasjonen vart dømd til å betale sakskostnadene på nær éin million kroner.

No har Frostating lagmannsrett oppheva pengekravet til tingretten, med utgangspunkt i Århuskonvensjonen. Konvensjonen stiller krav om at allmenta skal ha moglegheit til rettsleg prøving av miljøspørsmål utan at dette er uoverkommeleg dyrt.

Organisasjonens meiner dette er ein viktig og prinsipiell siger for prøving av miljøsaker.

– Det har vore hardt arbeid og mykje motgang, men denne avgjerda viser at det var verd det. Saman med bidragsytarar og støttespelarar over heile landet, kan vi i dag gle oss over anerkjenninga til lagmannsretten av rolla som allmenta og organisasjonar speler i miljøsaker, seier leiar Lisbeth Marie Austnes.

Tingretten skal no behandle sakskostnadsspørsmålet på nytt.

Publisert: 26.08.2021 20:29

Sist oppdatert: 26.08.2021 20:30

Mer om