Kort fortalt

Vipps strammar inn gebyr

Må betale sjølv om ein deler opp summane.

27.07.2022

Betalingstenesta Vipps innfører frå august eit nytt gebyr på summar over 5.000 kroner per døgn.

Vipps har tidlegare hatt eit gebyr på enkeltoverføringar som overstig 5.000 kroner. Men dersom ein har delt opp større summar til å bli under denne grensa, har ein kunna omgå dette gebyret.

No blir innført eit nytt gebyr som inneber ein 24-timeirregel på beløp over 5.000 kroner til same mottakar, skriv Nettavisen. Sjølv om ein deler opp beløpet, vil ein måtte betale gebyret, som er på éin prosent.

– Det blir meir rettferdig fordi alle betaler same gebyr på høge beløp. I tillegg bidreg det til å framleis halde kvardagsvippsing gratis, seier pressekontakt Even Westerveld i Vipps.

Publisert: 27.07.2022 17:06

Sist oppdatert: 27.07.2022 17:07

Mer om