Kort fortalt

Vipps til danskar og finnar

Vipps-tenestene utvidar.

19.06.2024

NPK-NTB: Frå i dag blir det like enkelt å vipse danskar og finnar som det er å vipse nordmenn. Men det kostar fire prosent av beløpet.

Det skriv betalingstenesta Vipps i ei pressemelding.

I alt er det 11,6 millionar brukarar av Vipps i Noreg og MobilePay i Danmark og Finland. Til no har det vore knotete å overføre pengar mellom landa.

– Dette har vore etterspurt lenge, og no har vi endeleg løysinga klar. Det betyr farvel til lange IBAN-nummer og mange tastetrykk. No treng du berre eit telefonnummer. Dette er det første av mange steg vi tek for å føre Norden endå tettare saman, seier Rune Garborg, sjef i Vipps Mobilepay.

Overføringane vil koste fire prosent av det beløpet du skal sende. Dette skal ifølgje Vipps vere tydeleg angitt i appen. Det vil også visast kva ei overføring omtrentleg kostar i din eigen valuta.

Publisert: 19.06.2024 10:47

Sist oppdatert: 19.06.2024 10:47