Kort fortalt

Viser Stranda-industriens historie

Opna utstilling.

03.06.2022

Utstillinga om historia til Stranda-industrien vart opna denne veka på Stranda, ifølgje nettstaden Hellesylt.info.

Utstillinga skal vere ope for publikum og held til i dei tidlegare produksjonslokala til Ekornes-fabrikken.

Mange trur dette er blitt ei utstilling av berre møblar, bord, sofaer og stolar, men det utgjer berre ein tredjedel av det som er stilt ut, fortel styreleiar Reidar Lunde til nettstaden, som skriv at utstillinga fekk mykje rosande omtale av dei frammøte.

Publisert: 03.06.2022 11:46

Sist oppdatert: 03.06.2022 11:47

Mer om