Kort fortalt

Volda kan bli universitetsbygd

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen tilrår ja til ny forskarutdanning.

NPK
22.12.2023

NPK: Denne veka fekk Høgskulen i Volda tilsendt eit utkast til godkjenning av ny doktorgrad. – Eit stort og viktig steg, seier rektor.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) tilrår i nytt dokument at Høgskulen i Volda skal få etablere den nye forskarutdanninga Ph.D i utdanning, språk og kultur. Det skriv høgskulen i ei pressemelding. Endleg vedtak kjem i februar 2024.

Godkjenning av ei slik doktorgrad hjelper også skulen på vegen mot universitetsstatus.

– Hadde vi ikkje fått godkjent denne nye forskarutdanninga, kunne vi fort blitt den einaste høgskulen utan eigen doktorgrad, og det kunna blitt sårbart. Det handlar om å vere i den divisjonen vi høyrer heime. Denne doktorgraden vil gi oss moglegheita til å bli universitet. Og så blir det opp til Høgskulen i Volda om vi skal lande på det, seier Mjellem Tonheim.

Doktorprogrammet søkte godkjenning hausten 2022 og det endelege vedtaket om godkjenning er venta i februar. Tidlegaste oppstart sett til hausten 2025.

Publisert: 22.12.2023 06:11

Sist oppdatert: 22.12.2023 06:11