Tømrer Prosjekt er dømt til å gi eit prisavslag på 1,4 millionar kroner til Bustadsameiget Øvretuna, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett, ifølgje Nernett.no.
Sameiget kravde nær tre millionar i prisavslag og erstatning grunna fleire feil ved eit byggeprosjekt i Ørsta.
Sjølv om sameiget ikkje blei tilkjent erstatning, meiner retten at dei har fått medhald i vesentlege delar av saka. Tømrer Prosjekt-selskapet har også handla grovt aktlaust, ifølgje dommen.
I tillegg til å dekke prisavslaget må selskapet difor dekke 455.000 kroner av sakskostnadene til sameiget i tillegg, skriv avisa.
Publisert: 01.04.2025 13:20
Sist oppdatert: 01.04.2025 13:20