Kort fortalt

Vurderer behov for straumrasjonering

Anstrengd kraftsituasjon i vente.

NPK
30.06.2022

(NPK-NTB): Styresmaktene trur førebels ikkje at det blir nødvendig med rasjonering av straum i vinter eller andre tiltak, men førebur seg likevel på ein slik situasjon.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ber Statnett om å greie ut behovet for tiltak for å handtere ein svært anstrengd kraftsituasjon, opplyser dei i ei pressemelding.

Årsaka er at magasinfyllinga i Sør-Noreg er nær rekordlåg, det er høge prisar i Norden og høge gassprisar som pregar kraftmarknaden i Europa. Det kan i verste fall føre til at dei som bur i Sør-Noreg, ikkje har nok tilgang til kraft gjennom vinteren.

– Hovudscenarioet vårt er at det ikkje blir rasjonering. Men vi lever i ei tid der det uventa skjer heile vegen. Så dette er ikkje tida for nokon av oss til å vere nonchalante og skråsikre, seier NVE-direktør Kjetil Lund til E24.

Lund trur at kraftprodusentar kjenner samfunnsansvaret sitt og vil «halde igjen på vatnet».

I Noreg er det opp til kraftselskapa sjølve å styre vassmengda som blir brukt i produksjon av kraft. I ein rapport frå Statnett står det at kraftprodusentane ikkje har endra åtferd i det siste trass i det endra risikobiletet.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har bestilt ei rekkje analysar av korleis kraftmarknaden no fungerer. Dei skal gi svar på om det i Noreg må fleire tiltak til for å handtere ein situasjon der magasinfyllinga er svært låg.

(©NPK)

Publisert: 30.06.2022 20:48

Sist oppdatert: 30.06.2022 20:59

Mer om