Vurderer forbod mot turistkvotar på fisk
Raudt vil undersøke tiltak.
(NPK-NTB): Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen vil vurdere totalforbod mot utførsel av fisk på turistkvote.
Raudt-leiaren har merka seg dei mange beslaga norske tollarar har gjort og Tollvesenets klare dokumentasjon på at mykje fisk som blir smugla ut av Noreg, er reine bestillingsverk der fisken endar opp på restaurantar i mellom anna Tyskland, skriv Nordlys.
Raudt vil derfor ha undersøkt eit totalforbod mot utførsel av fisk teken av utanlandske turistar.
– På denne måten kan turistane fiske når dei er på ferie i Noreg, men utan å få ta med filet ut av landet. I tillegg ønskjer vi å fremje forslag om arealavgrensingar, slik at yrkesfiskarane og turistfiskarane ikkje skal trenge å kjempe om same havområda, seier Marie Sneve Martinussen.
– Turistar må gjerne fiske når dei er på ferie i Noreg, men då kan dei la fisken bli igjen. Det er ingen menneskerett å få med seg 18 kilo reinskoren loins ut av landet, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 05.07.2024 10:34
Sist oppdatert: 05.07.2024 10:34