Kort fortalt

Vurderer makspris på straum

Nye tonar frå regjeringa.

22.07.2022

(NPK-NTB): Makspris og restriksjonar på eksport av straum er tiltak som blir vurderte av regjeringa. Den sørnorske straumproduksjonen har ikkje vore lågare på ti år.

I førre veke var straumproduksjonen i Sør-Noreg den lågaste på ti år, viser tal frå Statnett. Så langt i juli er eksporten av straum reduserte med 75 prosent.

Kraftselskapa har ifølgje Statnett halde igjen på vasskrafta, skriv NRK.

– Vi er glade for at det kan sjå ut til at dei har lytta og held igjen på det verdifulle vatnet i magasina, seier statssekretær Elisabeth Sæther (Ap) i Olje- og energidepartementet.

Det blir likevel sendt mykje straum frå Noreg til Europa, og sjansane for rasjonering av straumen er liten. Likevel blir det vurdert tiltak.

– Restriksjonar på eksporten av straum til Europa kan vere eit av tiltaka det er behov for, seier Sæther.

Førebels har regjeringa sagt nei makspris på straum. Raudt varslar at dei vil ta opp spørsmålet på nytt. Sæther seier det er til vurdering, men at det kan få uheldige konsekvensar.

– Varigheita av straumpriskrisa kombinert med andre prisar som stig, tilseier at regjeringa bør ta grep, seier Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Raudt.

(©NPK)

Publisert: 22.07.2022 09:00

Sist oppdatert: 22.07.2022 09:01

Mer om