Kort fortalt

Vurderer vegavgift på el-bilar

Vil gi staten milliardinntekt når også elbileigarane må betale.

04.09.2023

NPK-NTB: Eigarar av elbilar må førebu seg på at det kan bli tusenvis av kroner dyrare i året å bruke bilen.

Frå 2029 kan det bli innført ei vegbruksavgift som vil skaffe staten store inntekter, skriv Bergens Tidende.

Innan få år vil han dra inn 11 milliardar kroner frå norske bileigarar, ifølgje ei utgreiing gjennomført på oppdrag frå Finansdepartementet.

Veg- og skatteutreiarane meiner det bør koste 29 øre å køyre ein kilometer med elbil. Bileigarar som køyrer 12.000 kilometer i året må dermed ut med 4350 kroner med moms.

I dag betaler eigarar av bensin- og dieselbilar 2,92 kroner per liter diesel og 4,70 kroner per liter bensin i vegbruksavgift.

Men ein stadig større del elbilar på vegane har redusert inntektene kraftig. Medan staten drog inn nær 13 milliardar i vegbruksavgift i fjor, er prognosen at dette vil falle til under tre milliardar om nokre år.

Publisert: 04.09.2023 07:57

Sist oppdatert: 04.09.2023 07:57