Wenaas Eftf via selskapet Digerneset Næringspark AS kjøper bygg og tomt frå Rauma Handelseiendom på Åndalsnes, fortel selskapet i ei pressemelding. I dag er det byggvarekjeda Monter som er leigetakar og slik skal det halde fram å vere, ifølgje Nils Wenaas i Wenaas Eftf.
Med dette kjøpet, samt bygg under oppføring, har Digerneset Næringspark no i alt 95.000 kvadratmeter bygningsmasse, med venta leigeinntekter på omlag 125 millionar kroner i 2025, ifølgje pressemeldinga.
Publisert: 01.04.2025 15:54
Sist oppdatert: 01.04.2025 15:54





