Kort fortalt

Westcon skal fikse Nansen

Treng reparasjon etter grunnstøyting.

21.01.2022

Ekspedisjonsskipet Fridtjof Nansen skal til Westcon Yards i Florø for å få utbetra skadene etter grunnstøytinga natt til 12. januar, ifølgje Fjordenes Tidende.

Ifølgje avisa er det omfattande skader både på skroget og det elektriske anlegget om bord på hurtigruteskipet.

Skipet gjekk på grunn natt til onsdag 12. januar ved Risøy i det smale Djupsundet like sør for Måløy. Årsaka til grunnstøytinga er ikkje kjent.

Publisert: 21.01.2022 18:35

Sist oppdatert: 22.01.2022 08:31

Mer om