(NPK): Feddie Ocean Distillery på Fedje stoggar whiskyproduksjonen sin inntil vidare, noko som medfører oppseiingar av tre tilsette. Trongen for internasjonal satsing tvingar brennevinsprodusenten til å ta drastiske grep.
Destilleriet på Fedje i Nordhordland melde i fjor haust om ein produksjonspause som skulle vare til april i år. No er det klart at dei forlenger pausen ut 2026. Det skriv lokalavisa Nordhordland , som omtalte saka først.
Det siste året har alle dei tilsette i produksjonen, med unntak av dagleg leiar Martin Tønder Smith, vore permitterte i ulik grad. No konstaterer Smith at dei må nedbemanne:
– Vi har sett etter moglegheiter til å setje i gang produksjonen igjen utan å finne dei, vedgår han til avisa.
Drikkevarene har selt bra i Noreg og destilleriet har rundt 1500 tønner med whisky på lager til ein verdi av over 130 millionar kroner. Likevel er dei avhengige av å gjere suksess i utlandet før produksjonen kan starte opp igjen.
– Vi må basere drifta etter omsetninga. Vi kan selje whisky ganske lenge utan å produsere nytt, legg Smith til.
(©NPK)
Publisert: 04.03.2026 16:40
Sist oppdatert: 05.03.2026 07:32






